Marketing Intern
Posted Apr 11, 2025
Vestland idrettskrets
Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) er ein frivillig, partipolitisk nøytral og uavhengig organisasjon, og det øvste organ i norsk idrett. Den organiserte idretten er Norges største folkebevegelse med 1 900 000 medlemskap fordelt på over 9 000 idrettslag. NIFs visjon er «idrettsglede for alle». Idrettsforbundet har i dag ca. 370 tilsette fordelt på idrettskretsar, Olympiatoppen og NIF sentralt på Idrettens hus, Ullevaal stadion.
Vestland idrettskrets er eit organisasjonsledd under NIF og omfattar 53 særkretsar og 43 idrettsråd som organiserar over 900 idrettslag med til saman over 220 000 medlemskap. Vestland idrettskrets er den største frivillige organisasjonen i Vestland fylke og har kontor på Idrettens Hus i Førde og Idrettens hus i Bergen.
Vestland idrettskrets er på jakt etter ein rådgjevar innan organisasjonsutvikling til kontoret vårt i Førde.
Vi søkjer ein engasjert rådgjevar til vårt arbeid med organisasjonsutvikling. Organisasjonsutvikling handlar om å styrkje og vidareutvikle idrettslaga og idrettsråda, og hjelpe dei å nå måla sine og ruste seg for framtida.
Vi er ute etter ein lagspelar som er oppteken av å spele andre gode og som er klar for å bidra til å gjere idrettsorganisasjonen sterkare, meir berekraftig og i enda betre i stand til å skape idrettsglede for alle. Stillinga er i stor grad utadretta og det må reknast med kvelds- og helgearbeid samt reiseverksemd. Idrettskretsen har totalt 13 tilsette fordelt på 2 kontor i Bergen og Førde.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjoner
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr eit engasjerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med stor takhøgde. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø som vektlegg høg kvalitet og kunnskapsdeling. Vi har gode forsikringsordningar og per i dag pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. Vi tilbyr også høve til trening i arbeidstida og løn etter avtale.
I NIF jobbar vi for å skape idrettsglede for alle. Med det oppdraget er det heilt naturleg at vi ønskjer å byggje eit mangfaldig og inkluderande team av svært dyktige individ som brenn for å gjere norsk idrett til ein inkluderande arena. Vi har stor tru på at vi alle utmerkar oss og er meir kreative når vi får lov til å vere oss sjølve, og vi ønskjer difor å byggje ein kultur der alle kjenner seg heime. I NIF ønskjer vi tilsette med ulik kompetanse, tilnærmingar, perspektiv, alder, kjønn, livserfaring, mangfaldskompetanse og bakgrunn. Mangfald er viktig både for arbeidsmiljøet og for jobben vi skal gjere.
Randi Marie Berntsen Farnes
Organisasjonssjef i Vestland idrettskrets
+47 41509059
randimarie.farnes@idrettsforbundet.no
Full Time
Any